Hyttedraum i Myrkdalen

– Myrkdalen er snøsikker, og du slepp fjellovergangar for å kome her. Me kan by på omgjevnader som marknaden er interessert i, og har stor variasjon i prosjekta. Alt i frå små leilegheiter på 30- 40 kvadratmeter til 130 kvadratmeter store leilegheiter, seier eigedomsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby, Nils Akselberg.

Han vert trekt fram som ei viktig drivkraft i prosjektet og er kjent for å tenka stort og nytt. For å sleppa å venta i mange år på kommunal sakshandsaming, laga fjellandsbyen sjølv ein utviklingsplan for heile Myrkdalen. Det tok eit og et halvt år, og alle grunneigarar og innbyggarar vart invitert med i prosessen.

– Me leitte etter felles interesser for å utvikla dalen til ein fritidsdestinasjon, med reiseliv, varige arbeidsplassar og sal av eigedom. Me bestemte oss for å satsa på varme senger. Målet er at verksemdene skal kunna leve av reiseliv og destinasjonsverksemd her i fleire tiår framover, seier Akselberg.

Utbyggarane av fjellandsbyen ynskjer å skapa eit levande, fortetta samfunn der fleire generasjonar skal kunne føla seg heime. Dei vil bygga opp eit landsbysenter med kafear, butikkar, hotell, kulturopplevingar og aktivitetar for heile familien – heile året. 

Grøne tankar hand i hand med store visjonar.

- For oss er det veldig viktig at utviklinga også skal gjelda jordbruket i dalen, ei næring me ynskjer skal leva side om side med anlegget vårt, seier prosjektleiar for eigedom og miljøansvarleg i Myrkdalen Fjellandsby, John Helge Måren .

Miljøomsyn kan vera alt frå smarte matinnkjøp for å redusera avfall – til å bygga tett for å spara urørt Vestlandsnatur. For han handlar det både om fysisk miljø og arbeidsmiljø. Skrur du ned lyset på hotellet med 20 prosent, vert det kanskje litt koselegare. Mellom miljøtiltaka er utleige av private fritidseigedommar. Ved å satsa på heilårsdrift og smart utleigeverksemd, vert kvar fritidseigedom nytta oftare.

– Små, gode grep kan gjera ein stor forskjell: me har kopla hotellet på flisfyringsanlegget, justert alle tekniske anlegg som ventilasjon og varme, og hatt fokus på å redusera forbruket. Samla sett har desse grepa redusert energiforbruket med omtrent ein million kWh – ein reduksjon på nivå med totalforbruket vårt i 2008, som var før me bygde hotellet og den fyrste stolheisen, seier Måren.

Både hotellet og konsernselskapet er miljøsertifisert. Målet er at alle dotterselskapa, som Myrkdalen Fjellheiser, også skal bli sertifisert.

Nils Akselberg

John Helge Måren

Prosjektleiar Eigedom
+47 47 47 16 00
john.helge.maren@myrkdalen.no

 

Nils Akselberg

Nils Akselberg

Eigedomsdirektør
+47 91 67 30 13
nils.akselberg@myrkdalen.no

Order: 0

Date: Monday, April 11, 2016




Virtuelle
prospekt:


Hovedprospekt:



Klypeskogen:



Kilegarden:



Nyestølsteigen:
(UTSOLGT!)