UTSOLGT!

Leilegheiter med parkering og sportsbu

I Nyestølsteigen får ein leilegheiter med parkeringskjellar og eiga sportsbu med god plass til preparering av ski. Frå kjellaren kan ein gå tørrskodd til ei moderne leilegheit med to eller tre soverom og overbygd altan. Med leilegheit i Nyestølsteigen kjem ein rett og slett kjappare i bakken.

Plassert ved Nyestølen og innkøyringa til fjellandsbyen, med kort veg frå skiløypene, finn ein Nyestølsteigen. Her får ein flotte leilegheiter med parkeringskjellar og to etasjar, moderne planløysingar og raust med bodplass. Alle leilegheitene har stor altan – hjørneleilegheitene heile to stykk. Felles for alle er at dei har fin utsikt utover dalen og ligg solrikt til. Gang- og skivegen som går til Myrkdalen Hotel og det framtidige sentrumsområdet, skisenteret og Årmotslia langrennsarena ligg like bak leilegheitene.

Arkitekturen ser både bakover og framover i tid. Bygga er teikna av sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad som sidan starten av utbygginga i Myrkdalen har teikna Myrkdalsstovo og mange hundre fritidsbustader for oss. Målet har vore å ta vare på tradisjonell hyttestil og samtidig syta for moderne og funksjonelle leilegheiter. I tillegg til parkeringskjellaren er den gode oppbevaringsplassen ein stor fordel. Medrekna innvendig teknisk rom/buer har leilegheitene eit totalt areal på ca 12 m2 til oppbevaring. Her er det også godt tilrettelagt for preparering av ski.

Alle leilegheitene har eit BRA på 67-82 m2 og har to eller tre soverom, stort bad, stove/ kjøkken, teknisk rom/bu og overbygd altan. Hjørneleilegheitene C 1.1, C 1.6, C 2.1, C 2.6, D 1.1, D 1.4, D 2.1, D 2.4 har to altanar og ekstra vindauge som gjer dei særleg lyse og trivlege. Bygga blir levert ferdig beisa i farge oppgjeve av arkitekt.

Romskildring

Gang/entrè
Golv har grå fliser 30x60 cm. Både veggar og tak har kvitlasert glattpanel. Varmekablar i golv.

Kjøkken/stove
Golva har 3-stav eikeparkett. Både veggar og tak har kvitlasert glattpanel. Panelomn på kjøkken og vedomn i stova. God og praktisk kjøkkeninnreiing.

Soverom
Alle 2-3 soveromma har golv med 3-stav eikeparkett. Både veggar og tak har kvitlasert glattpanel. Panelomn.

Teknisk rom
Golv har grå fliser 30x30 cm. Både veggar og tak har kvitlasert glattpanel.;

Bad/Vaskerom
Golv har grå fliser 30x30 cm. Veggane har kvite fliser 20x40 cm. I taket er det kvitlasert glattpanel. Varmekablar i golv. Det blir levert 1 stk. 80 cm baderoms-innreiing.

Altan
Altanen har terassebord på golv, og kledning på vegg.

Sportsbu på svalgang
Betong eller tregolv med trepanel på veggar og tak.

Sportsbu og fellesrom i p-kjellar
Betong på golv og tak. Betong eller trekledning på vegg. Sportsbua har ventil og avtrekksvifte.

Parkeringskjellar
Parkeringskjellaren har betong eller asfalt på golv. Veggar og tak i betong. Her er også felles utekran.

Detaljer

Parkett/Panel/Listverk/Dører
Kährs Eik Abetone 14 mm 3 stav. Glattpanel 14x120/145 ferdig kvitlasert frå fabrikk. Glattkant kvitlasert med synlege spikarhol. Kvite formpressa innerdører med kvitmalt karm og forkromma vridar. Ytterdør blir levert tilsvarende fasadeteikningar. 

Vedomn/Ventilasjon
Jøtul F 166 med svart underlagsplate. Balansert ventilasjon av type Villavent. 

Kjøkken- og baderomsinnreiing/Ventilator/Sanitær
Sigdal Uno kvit eller tilsvarande i slett utføring med laminat benkeplate. Innebyggingsskap for kjøleskåp og komfyr/platetopp er inkludert. Kvitevarer er ikkje med i leveransen. Røros Crystall 1140 eller tilsvarende. Vegghengt toalett, 90x90 cm dusjvegg, 1 stk 80 cm servantseksjon med speil og 200 ltr. varmtvasstank.

Elektro
Utføring etter NEK 399. Det blir levert kvite brytarar og stikkontaktar. Panelomnar til stove/kjøkken og soverom. Lamper er inkludert på soverom, gang, bad og uteboder. I stove/kjøkken blir det levert stikkontakt ved tak, samt taklampe. 

Anna
Garderobeskap, senger, møblar og andre installasjonar som td. kvite- og brunevarer blir ikkje levert og må kun reknast som illustrerande. Utbyggar gjer særskilt merksam på at alle 3D modellar, visualiseringar og foto av interiør og eksteriør berre er meint for å illustrere prosjektet. Leveranse i dette prosjektet kan avvike frå desse. Me tek atterhald om trykk- og skrivefeil. Endringar innanfor rammene av det utbyggar ser som hensiktsmessig og nødvendig kan bli beslutta utan at den generelle standarden blir forringa. Utsikt frå bygg er tatt i tilnærma tilpassa kotehøgd og vinkel. Fasadeteikningar, planlagde bygg i området og uteområde er berre meint for illustrere prosjektet i området.

Leilegheitsvelgar

Order: 0

Date: Monday, April 11, 2016




Virtuelle
prospekt:


Hovedprospekt:



Klypeskogen:
(UTSOLGT!)



Kilegarden:



Nyestølsteigen:
(UTSOLGT!)