NYHEIT!

Klypetunet

14 Leilegheiter med tre til fire soverom, ski inn - ski ut og svært sentralt plassert.

Klypetunet får til saman 14 leilegheiter fordelt på to etasjar. Her får de ski inn - ski ut i eit solrikt område like ved barneskitrekka og Helgatuntrekket i Myrkdalen, med gangavstand til alt fjellandsbyen har å by på. Langrennsløypa gjennom fjellandsbyen går like utafor bygningen. Spenn på deg skia, ta frukosten på balkongen, eller slapp av i den flotte leilegheita - uansett tidspunkt og årstid.

Med kort avstand frå avkøyringa til RV 13 og plassering rett ved barneskitrekka ligg Klypetunet flott til. Leilegheiter på 60 - 71,5-77 kvm med 3-4 soverom gjer dette prosjektet perfekt for heile familien. Her får ein 6-9 sengeplassar, og dermed rom til både vaksne, born og vener på besøk. Parker bilen tørt på parkeringsplassen din i underetasjen, set frå deg utstyret i den store sportsbua og gå tørrskodd opp og inn i ei moderne og romsleg leilegheit. I parkeringskjellaren er det lagt opp til store gode fellesrom for sameiget. Leilegheitene midt på bygget har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod/teknisk rom og altan. Hjørneleilegheitene har to altanar, 4 soverom og eit ekstra wc. Alle leilegheitene får flott utsikt over dalen, skianlegget og Årmotslia langrennsarena. Bygget er teikna av lokal sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som også har teikna ei rekkje andre prosjekt i fjellandsbyen.

Romskildring 

Alle leilegheiter får overflater og utstyr av høg kvalitet. Sjå romskjema med detaljert info om materiell, flater og produkt HER
 

Prisar

Prisar frå kr 3 050 000 - 4 450 000.

Leilegheitsnummer BRA m2                  Pris                     
K1.1 - mot sør 77,0 SELD
K1.2 71,5 3 900 000
K1.3 71,5 3 900 000
K1.4 60,0 3 050 000
K1.5 71,5 3 900 000
K1.6 71,5 3 900 000
K1.7 - mot nord 77,0 4 250 000
K2.1 - mot sør 77.0 SELD
K2.2 71,5 4 000 000
K2.3 71,5 4 000 000
K2.4 60,0 RESERVERT
K2.5 71,5 4 000 000
K2.6 71,5 4 000 000
K2.7 - mot nord 77,0 SELD

 

Order: 0

Date: Thursday, March 2, 2017




Virtuelle
prospekt:


Hovedprospekt:



Klypeskogen:
(UTSOLGT!)



Kilegarden:



Nyestølsteigen:
(UTSOLGT!)