UTSOLGT!

Klypeskogen

Klypeskogen (tidl. "Helgatunskogen") – Leilegheiter med tre til fire soverom, ski inn - ski ut og svært sentralt plassert.

Klypeskogen får til saman 12 leilegheiter fordelt på to etasjar. Med ski inn/ut og plassering like ved barneskitrekka og Helgatuntrekket i Myrkdalen, vert dette bygget liggande svært solrikt og sentralt plassert, med gangavstand til alt fjellandsbyen har å by på. Langrennsløypa gjennom fjellandsbyen går like utafor bygningen. Spenn på deg skia, ta frukosten på balkongen, eller slapp av i den flotte leilegheita- uansett tidspunkt og årstid.

Med kort avstand frå avkøyringa til RV 13 og rett ved barneskitrekka ligg Klypeskogen flott plassert. Leilegheiter på 71,5-77 kvm og 3-4 soverom gjer dette prosjektet perfekt for heile familien. Her får ein 6-9 sengeplassar, og dermed er det plass til både vaksne, born og vener på besøk. Parker bilen tørt på parkeringsplassen din i underetasjen, set frå deg utstyret i den store sportsbua som ligg direkte ved parkeringsplassen og gå tørrskodd opp og inn i ei moderne og romsleg leilegheit. Leilegheitene midt på bygget har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod/teknisk rom og altan. Hjørneleilegheitene har to altanar, 4 soverom og eit ekstra wc. Alle leilegheitene får flott utsikt over dalen, skianlegget og Årmotslia langrennsarena. Bygget er teikna av lokal sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som også har teikna ei rekkje andre prosjekt i fjellandsbyen.

Romskildring

Romskildring er p.t. ikkje ferdigstilt, men alle leilegheitene får overflatar og utstyr av høg kvalitet.

Order: 0

Date: Friday, December 9, 2016




Virtuelle
prospekt:


Hovedprospekt:



Klypeskogen:



Kilegarden:



Nyestølsteigen:
(UTSOLGT!)