Eig din del av opplevinga

Velkomen til hyttedraumen i Myrkdalen

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss Kommune, heilt opp mot grensa til Sogn og Fjordane. Fjellandsbyen ligg ein halvtimes køyring frå Voss via Vinje og vidare mot Vikafjellet. Bergen er berre to små timar unna med bil, og du treng verken kryssa fjell eller fjord for å koma fram.

Meir snø fell i Myrkdalen enn nesten nokon annan plass i verda. Det gjer Myrkdalen til ein ynda plass for skientusiastar. Frå dei aller minste som leikar seg i barneområdet, til dei som likar velpreparerte løyper og urørt pudder.

Myrkdalen i sommardrakt byr på turstiar i alle utgåver, kort veg til fjordidyll og opplevingar av det meir adrenalinfylte slaget. Fritidsbustader med spanande aktivetar rett utanfor døra er ei god investering.

Å kjøpa fritidseigedom hjå oss skal vera ei god oppleving. Samarbeid og dialog med entrepenørar, utbyggjarar, eigarar og kommune står sterkt. Entreprenørane kan faga sine og leverer i tide. Me har også god kunnskap om materiell og planløysingar som gjer at me kan tilby skreddarsydde, praktiske og moderne einingar.

Nyheit – Klypetunet

Me sel eigedom som aldri før i Myrkdalen Fjellandsby. I vinter har me sett rekord i antal selde leilegheiter. Me byggjer i takt med etterspurnaden og har no lansert Klypetunet. Det er allereie tre selde og ei reservert leilegheit her.

Klypetunet     Leilegheitsvelgar

Klypetunet

Vaktmeistertenester

Vaktmeistertenester

Eigedomsavdelinga i Myrkdalen Fjellandsby tilbyr eigarar av hytter og leilegheiter vaktmeistertenester som til dømes:
Stell av torvtak – Stell av uteområde – Mindre reparasjonar – Rens av takrenner

Britahaugen     

Myrkdalen for framtida – langsiktig og heilskapleg utvikling

Nils Akselberg

– Den opphavlege planen var å bygga eit skitrekk og ein campingplass, men campingplassen vart det aldri noko av. I 1999 starta arbeidet med å planleggje hytter og fritidseigedommar, og to år seinare vart ein reguleringsplan med 355 hytter, eit lite senterområde med hotell og varmestove vedteke. I 2005 såg me at det var potensiale for å utvikla fjellandsbyen endå meir. Me var kome langt i utbygginga, hadde fått fleire heisar, og såg at interessa var større enn kapasiteten vår, fortel eigedomsdirektør Nils Akselberg.

I tillegg til dei 355 tradisjonelle hyttene som allereie var der, ligg no 3400 fritidsbustader inne i kommunedelplanen. Allereie året før den var vedteke, starta arbeidet med regulering av 2000 av dei, og per i dag er 550 bustader bygd.

– Fokuset framover no er å bygga anna innhald i ferieopplevingane enn berre ski; Det vert planlagt butikkar, velværetilbod og fleire aktivitetar for born og familiar, på sommaren og på vinteren. Målet er å utvikla ein heilårs familiedestinasjon som skal vere best i Norden. I dag er me landets femte største skianlegg, og målet er å vera nummer tre i 2020.

Me gir deg den beste opplevinga.
På ski og til fots. Nedover og bortover. Det ligg i vår natur.

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Foto: Sverre F. Hjørnevik

Sjå etter meglaren i bakken

Bjørnar Berg

Eiendomsmeglerfullmektig

Bjørnar Berg

Eiendomsmeglerfullmektig

Jeg etterstreber alltid å gjøre det lille ekstra slik at jeg ikke bare møter, men overgår kundens forventninger.

E-post: bb@kapa.no
Tlf.: 48 88 84 68

Yvonne Halvorsen

Megler MNEF

Yvonne Halvorsen

Megler MNEF

Produktet jeg leverer skal til enhver tid være av god faglig kvalitet. Kundene skal alltid oppleve meg som pålitelig, effektiv og fleksibel - og med godt humør!

E-post: yh@kapa.no
Tlf.: 91 84 29 72

Vidar Nøttveit

Megler MNEF

Vidar Nøttveit

Megler MNEF

Min ambisjon er å levere markedets beste produkt, både til private og næringsdrivende. Da gjelder det å være proaktiv og ligge et steg foran alle andre.

E-post: vn@kapa.no
Tlf.: 48 88 84 02

Myrkdalen Eigedom logo

Myrkdalen Fjellandsby AS
PB 14 - 5701 Voss
Telefon +47 47 47 16 00
post@myrkdalen.no